Sveinung Rotevatn

"Debatten er no så oppheta at fleire gründerar ikkje tør ta del i ordskiftet, fordi dei er redd for å bli stempla som rikingar"

Publisert Sist oppdatert

Innlegg av Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant i Venstre

Dette er eit gründerval. Ei røyst på eit anna parti enn Venstre er ein røyst på dårlegare vilkår for gründerar, mener Sveinung Rotevatn i Venstre, og meiner Høgre og AP driv ideologisk skitkasting om formueskatten.

«Venstre mistar eigarskapet til gründerpolitikken» kan ein lese i eit intervju i Minerva med Shifter sin redaktør, Per Ivar Nikolaisen. Mi erfaring er at venstrefolk er opptekne av resultat. Så snart vi har oppnådd resultat i ei sak, set vi snarleg kursen mot neste mål. Baksida av dette er kanskje at vi er for lite flinke til å markere og feire dei sigrane vi trass alt vinn.

Nikolaisen seier i intervjuet med Minerva at «Når Ap og Høgre uansett følger Venstres forslag, hvorfor skal man så stemme på Venstre?»

Eg meiner det er ei farleg konklusjon å trekke om ein ønskjer offensiv gründerpolitikk.  For regjeringa måtte bli dytta i veg av Venstre for å få bli med på viktige sigrar i denne perioden som betre pensjonsrettar for gründerar, og skattefrådrag for investorar i oppstartbedriftar. No er dei med, men det tok fleire års hardt arbeid frå Venstre før dei kom så langt. Saman med dei andre borgarlege partia har Venstre fått gjennomslag for mykje god gründerpolitikk. Politikk vi ikkje såg snurten av under åtte år med raudgrønt styre. Utan Venstre over sperregrensa vert det inga borgarleg regjering. Difor er  ei røyst på eit anna parti ein røyst på dårlegare vilkår for gründerar.

Debatten om formuesskatt mellom Høgre og Ap er eit utmerka døme på politikken utan Venstre. Debatten er no så oppheta at fleire gründerar ikkje tør ta del i ordskiftet, fordi dei er redd for å bli stempla som rikingar.  Resultatet av ei slik ideologisk skitkasting blir stillstand. Eg og Venstre meiner ikkje at formueskatt i seg sjølv er umoralsk, men heller ikkje at den treff riktig slik den er innretta i dag. Vi ønskjer ei gradvis nedtrapping, ved å auke botnfrådraget og gje aksjekjøp lågare verdsetting.

Ap og Høgre er gode til å vinne eigarskap til sakar i offentligheita. Ap brukar svimlande 30 millionar kroner på årets valkamp. Høgre følgjer etter med 20 millionar kroner. Venstre på si side brukar skarve 7 millionar kronar, og må difor nytte midlane klokt. Vi er  eit av dei aller mest aktive partia på sosiale media. Sist valkamp var vi dei første som hadde valmøte på Reddit, og vi var eitt av tre parti som byrja å nytte Snapchat. I sommar har vi brukt pengar på ein grøn elbil, slik at partileiaren vår kunne reise rundt og treffe gründerar i heile landet. Dei tek ikkje sommarferie, og det gjer ikkje vi heller.