FinSHIFT 31.08.2022

Pengeinteressert folkeopplyser

Publisert

Dette er et utdrag fra vårt nyhetsbrev om finansteknologi, FinShift, som sendes ut hver onsdag. Meld deg på brevet under.

Dagens gjest er Morten Søberg, Direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 Gruppen

Hva går jobben din ut på?

Kontakt med samfunnet. Meir konkret: arbeid for å fremja SpareBank 1 sine interesser overfor politiske og regulatoriske styresmakter; strategisk vidareutvikling av fenomenet sparebank; ymse former for deltaking i det offentlege ordskiftet om finans, rammevilkår og teknologi o.m.

Hva er det mest spennende prosjektet du har jobbet på så langt?

Etter alle solemerke er rett svar www.svalbard.money – eit folkeopplysningsprosjekt om kva pengar er og korleis pengar skifter med tid og teknologi med den langt på veg uskrivne pengehistoria på Svalbard som bakteppe/raud tråd.

Hva gjør bankene om tre år som de ikke gjør i dag?

Framtida løyner seg bak eit slør av fåkunne, som det heiter, men vonleg kjem særleg sparebankane til å satsa endå meir på samfunnsutbytte og såleis (del-)finansiera tiltak som medverkar til samfunnsutvikling i stort.

Kan du fortelle noe om deg selv vi ikke kan lese på Linkedin?

Eg har mange års røynsle med vandring i det norske høgfjellet, sommar som vinter. Gjennom åra har eg nok òg lese for mykje om … Falklandskrigen i 1982. Den konflikten har vorte samanlikna med to skalla menn som krangla om ein kam, men det er så rart med det.