sommerspalten

«Dei kunne merke at me var tidlegare konsulentar – på godt og vondt. Eg trur me hadde litt for mange svar i «it depends»-sjangeren.»

Nynorskforkjempar og dagleg leiar i konsulentmarknadsplassen Folq, Eldri Coll Mossige, meiner norske gründerar bli betre på å satse internasjonalt frå dag ein.

CEO i Folq
Publisert Sist oppdatert

Shifter tar tempen på norske gründerar i sommarvarmen.

1. Korleis lyder din 20-sekunds pitch av deg sjølv?

– Eg er bergensar, nynorskforkjempar og dagleg leiar i konsulentmarknadsplassen Folq. Eg er produktiv og humoristisk og likar å ha orden i kaoset mitt. Mor til to små gutar og har som preferert «me-time» å rydde hus eller vaske klede med podcast på øyret.

2. Kva er det beste du har opplevd som gründer i året som har gått?

– Me har nådd måla me har sett for oss sjølve og kommunisert til investorar; gjennom det siste året har me dobla omsetninga og aukt veksttakta. Me har også styrka Folq-teamet med 10 flotte nye medarbeidarar. Det er veldig moro!

3. Har du ein favoritt-«icebreaker»?

– Eg likar å bryte isen i starten av viktige møter for å ta ned stressnivået eit hakk eller to men eg har ingen spenstig one-liner som eg gjenbruker. Det må tilpassast situasjonen og helst komme naturleg.

4. Kor mykje flaks har du på ein skala frå 1-10?

– Når det gjeld kvardagsflaks vil eg rangere meg midt på treet, bortsett frå ein dag i sommar då eg vann på lykkehjulet i Dyreparken to gonger på rad og kunne ta med meg heim to kilo mjølkesjokolade og ein diger bag med Smash.

5. Kva er det verste du har opplevd i eit investormøte?

– Eg og teamet fekk ein gong tilbakemelding frå ein investor på at dei kunne merke at me var tidlegare konsulentar – på godt og vondt. Eg trur me hadde litt for mange svar i «it depends»-sjangeren.

6. Du får tilgang til ein valfri sum frå oljefondet, kva ville du brukt pengane på?

– Ei skikkeleg storstilt satsning på grønn energiutvinning.

7. Kva er det flauaste du har opplevd som gründer?

– Ein investor spøkte ein gong med kva omrekninga frå svenske til norske kroner ville bli; «250 millioner svenske, hva blir det i norske kroner da? 250.000?». Han og dei andre investorane i møtet lo godt, men eg var så stressa og innstilt på å få fram bodskapet eg hadde førebudd at eg ikkje tok spøken og svarte dønn seriøst. Etter møtet demra det for meg at eg nok framstod litt flat og humørlaus.

8. Kva er det viktigaste du skal gjere til hausten?

– Ta i mot nye kolleger, rekruttere ytterlegare nye medarbeidarar og klargjere for lansering i Sverige.

9. Kva bør norske gründerar bli betre på?

– Satse internasjonalt frå dag ein.

10. Kva for eit norsk selskap skulle du ynskje at du hadde starta?

– Tibber. Dei kom inn i ein godt etablert bransje med høg konkurranse - med ein heilt ny forretningsmodell som forbrukarane elska og gjerne prata om med glød over eit glas vin med vener eller over hekken med naboen. I tillegg synst eg det er rått at dei har slått seg opp frå Førde - og viser at det er muleg å starte noko nytt og stort frå andre plassar enn storbyane.

11. Du kan velje mellom alle gründere i heile verda, hvem skulle du gjerne hatt i teamet ditt?

– Det anar eg ikkje! Hovudet mitt er så vridd mot å finne gode kandidatar til CTO-stilling hos Folq for tida, så det var overraskande vanskeleg å tenke heilt utan grenser.

12. Har du eitt spørsmål du liker å stille kandidatar på jobbintervju?

Eitt spørsmål som eg synst fungerer for alle typar stillingar er: «når du kjenner at du verkeleg er i flytsonen med arbeidet ditt – kva er det då som kjenneteikner situasjonen og omgivnadane dine?». Det er interessant å høyre korleis dei reflekterer og kva som blir vektlagt - og så får eg relevant informasjon om korleis eg, eller Folq, kan legge til rette for at vedkommande skal trivast og vere produktiv om dei starter hjå oss.

13. Fortel noko om deg sjølv, som vi ikkje kan lese på LinkedIn.

Eg har vore statist i Hotel Cæsar.

14. Viss du hadde vore karriererådgivar i ungdomsskulen, kva ville du anbefalt barna å bli når dei blir store?

Utviklar. Verda treng fleire dyktige utviklarar.

Nyheter og innsikt rett i epostboksen

Motta høydepunktene fra Shifters redaksjon direkte i innboksen din.

Hvilken bransje jobber du i?*