Gründer skal læra opp éin million kråker og skjærer til å plukka søppel
Ingeborg M. Johansen ynskjer å læra opp fuglar i heile Noreg til å plukka søppel. No startar ho eit pilotprosjekt i samarbeid med eit kjøpesenter i Haugesund.
Ingeborg M. Johansen foran prototypen ved Oasen kjøpesenter. Til høyre en kråke som fant peanøtter under testing.Foto: DeBoss
– Det er éin million kråker og skjærer i Noreg. Målet er å setta opp stasjonar i heile landet, seier Johansen.
Annonse
Konseptet har alt hausta mykje merksemd lokalt og gjekk heilt til topps i pitsjekonkurransen til innovasjonsselskapet Validé i Rogaland før sommeren. Premien var at Validé gjekk inn med 100.000 kroner i selskapet.
Johansen jobbar til vanleg som teamleiar i it-selskapet Omega solutions 365, har ein bachelorgrad i økologi- og naturforvaltning og har høvesvis 10 og 15 års erfaring med trening av hest og hund. Ho har mellom anna trent opp redningshund.
Annonse
– Fuglar er smarte. Dei kan trenast opp på ganske lik måte som hund og hest. Me må berre setta det i system og utvikla den beste metodikken for å læra dei opp. Me ynskjer å trena opp kråker og skjærer, dei er naturleg nysgjerrige og liker å få ei belønning. Me vil rekruttera dei frivillig og det vil ikkje gå utover den naturlige livssyklusen til fuglane, forklarer Johansen.
Lokka med peanøtter
– Kva med andre fugler enn kråker og skjærer, som til dømes måker?
– Måker er også velkomne, for all del. Men me veit at måker ikkje er like nysgjerrige som kråker og skjærer, seier Johansen.
Ho tok ein liten pause frå prosjektet då ho vart mamma for ti månader sidan. No kombinerer ho mammaperm med gründerverksemd.
Ho har latt seg inspirera av andre gründerar i nærområdet.
– Det er mange gründerskallar her, mange som ønsker å skapa noko. Eg jobbar til dømes i eit selskap som har laga ein programvare som oljebransjen i heile verda brukar.
Prototypen ho har bygd i garasjen er ei plate som skal monterast på toppen av ein søppelkontainer. På plata er det eit rør med sensor som går ned i kontaineren, ein fôringsautomat og eit kamera som skal overvaka aktiviteten.
– Når fuglane etter kvart lærast opp til å sleppa boss ned i røyret, skal dette utløysa belønning i form av peanøtter gjennom fôringsautomaten. Ein har funne ut at desse fuglane likar peanøtter godt, seier Johansen.
– Utruleg kreativ idé
Måndag vart prøvestasjonen satt opp på taket av Oasen kjøpesenter.
– Me leste om dette og synest det var ein utruleg kreativ idé. Det går rett inn i kjernen på ei utfordring me har, nemleg å halda det reint og pent utanfor senteret. Løysinga spelar også på lag med naturen, seier senterleiar Dag Einar Solberg ved Oasen Storsenter i Haugesund.
No gler han seg til å følga prøveprosjektet på toppen av kjøpesenteret tett.
– Me er spente på om det kjem til å fungera. Om det gjer det, kan det vera eit veldig stort potensial. Det er mange som har liknande utfordringar som oss. Me er ein del av Olav Thon-gruppen. Det er mange der som har vist interesse og ønsker å få informasjon om prosjektet, seier Solberg.
Å læra opp fuglane vil skje gradvis. Fyrst vil dei få peanøtter utan å gjera noko for det. Deretter vil det vera søppel lett tilgjengeleg slik at dei berre treng å dytta det ned i røret, før dei får belønning. Deretter vil ein oppmuntra fuglane til å henta søppel lenger unna.
– Me veit ikkje kor langt unna fuglane vil fly for å henta søppel. Me veit at desse fuglane held seg i eit bestemt område, seier Johansen.
Ho har hyra inn programmerarar til å optimalisera sensorane og samkøyra røyr og fôringsautomat. Framover ønsker selskapet også å bruka kunstig intelligens til å utvikla produktet.
DeBoss jobbar no med å få patent på ei av løysingane dei har utvikla. Etter kvart kan det bli aktuelt å videreutvikla stasjonen, til mellom anna å måla volum.
God respons og interesse
– Me ser problematikken som selskapet ønsker å løysa. Johansen har fått veldig god respons og blitt kontakta av bedrifter som ønsker å vera pilotkundar. DeBoss vil retta seg mot B2B-marknaden og der er det mange aktuelle kundegrupper, til dømes kjøpesentre og idrettsanlegg, seier forretningsutviklar Åse Tveit Samdal i Validé Haugesund.
Ho skildrar ideen som eit «wild card».
– Ho er ein gründer som tenker utanfor boksen. Hvis konseptet viser seg å fungera bra, så bør det vera gode moglegheiter for å ta det vidare ut til landsdekkende kjøpesenterkjeder for eksempel, seier Samdal.
Forretningsmodellen til den ferske bedrifta er ikkje landa enno.
– Det er eit stort skaleringspotensial. Me må utforska kva slags businessmodell det blir best å gå for. Me vurderer sal av ferdig stasjonar, leasing er ein annan moglegheit, sier Johansen.
Selskapet vurderer også ein form for sosialt entreprenørskap, med samarbeid til dømes skular og arbeidstrening for personar utanfor arbeidslivet. Vormedal ungdomsskole har alt fått ein prototype. Der skal dei fletta både programmering, sløyd og biologi inn i prosjektet, ifølge Johansen.
Sjølv om ikkje forretningsmodellen er klar, har dei fått klare signal på at det er interesse i marknaden. Den fyrste pilotkunden er på plass og dei er i også i dialog med potensielle investorar.
– Det vert spennande å sjå korleis det går med pilotprosjektet. No kjem det peanøtter med jamne mellomrom frå teststasjonen ved Oasen, mellom 8 og 14 kvar dag. seier Johansen.
Få gratis nyhetsbrev
Abonner på Shifters nyhetsbrev for de siste nyhetene, trendene og analysene.